Vårt erfarne team sørger for at vi kan håndtere både små og store prosjekter, med fokus på kvalitet og presisjon i alt vi gjør.

Om oss
HAFS betongbygg AS vart etablert i 2013 som ei vidareføring av eit enkeltmannsforetak. Selskapet vart grunnlagt med mål om å tilby høgkompetente betongtenester og bygge eit solid fundament for framtidig vekst. I dag består bedrifta av tre aktive eigarar: dagleg leiar Eivind Antonisen, og prosjekleiarane Svein Jarle Løseth og Gunnar Leirpoll. Sammen leier dei eit team på 10 dyktige medarbeidarar, og vi held fram med å levere betongløysingar av høg kvalitet til både små og store prosjekt.
Hovudtyngda av oppdraga våre er i Vestland fylke, men vi tek på oss oppdrag over heile landet. Vi utfører alt frå bustadhus, landbruksprosjekt og kraftverk. Sistnemnde kan seiast å vere vår spesialitet, og vi har utført fleire store kraftverksprosjekt dei siste åra. Vi tek på oss alt av betongarbeid og har eit nært samarbeid med vestlandshus.
Våre tenester
Vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan bygg og anlegg. Hovudfaget vårt er betongarbeid, men vi har også faglærte tømrere. Vi tek på oss alt av arbeid innanfor tømrerarbeid, mur, flislegging, skiferlegging, kjerneboring og betong på både nybygg og rehabiliteringsprosjekt.
I tillegg tilbyr vi kranoppdrag med lastebilkran – 52tm og ein rekkevidde på 30 meter. Dette gir oss moglegheita til å ta på oss krevjande løfteoppdrag og levere effektive løysingar for våre kundar.
Vårt erfarne team sørger for at vi kan handtere både små og store prosjekt, med fokus på kvalitet og presisjon i alt vi gjer.
