Skip to main content

Om oss

Home : Om oss

Om oss

HAFS betongbygg AS vart etablert i 2013 som ei vidareføring av eit enkeltmannsforetak. Selskapet vart grunnlagt med mål om å tilby høgkompetente betongtenester og bygge eit solid fundament for framtidig vekst. I dag består bedrifta av tre aktive eigarar: Dagleg leiar eivind antonisen, og prosjekleiarane svein jarle løseth og gunnar leirpoll. Sammen leier dei eit team på 10 dyktige medarbeidarar, og vi held fram med å levere betongløysingar av høg kvalitet til både små og store prosjekt.

Hovudtyngda av oppdraga våre er i vestland fylke, men vi tek på oss oppdrag over heile landet. Vi utfører alt frå bustadhus, landbruksprosjekt og kraftverk. Sistnemnde kan seiast å vere vår spesialitet, og vi har utført fleire store kraftverksprosjekt dei siste åra. Vi tek på oss alt av betongarbeid og har eit nært samarbeid med vestlandshus.

Bakgrunn og erfaring

Hos oss er det viktig å ha eit team med variert bakgrunn og erfaring, då vi meiner dette styrkjer vår samla kompetanse og gir oss ulike perspektiv. Våre tilsette bringer med seg unike ferdigheiter, og saman har vi mange års erfaring innan byggefaget. Målet vårt er alltid å levere produkt og tenester av høgaste kvalitet – løysingar som kundane kan stole på, og som møter deira behov på best mogleg måte.

Vi legg stor vekt på å bidra til lokalmiljøet, og derfor er vi stolte av å støtte lokal idrett og kultur gjennom sponsing. Dette er ein viktig del av vårt engasjement for å vere ei positiv kraft i nærmiljøet.